En serie med ungar i ekte, spennande kvardag.
Andreas har lyst til å slå bestefar i golf. Men bestefar er veldig god, og har mange fine premiar i hylla.
Kristianne elskar å lese bøker. Men på øya der ho bur er det ikkje bibliotek. Heldigvis finst Bokbåten.
Aron vil lære å surfe, slik som mamma. Men mamma seier han er for liten. Tidleg ein morgon listar Aron seg ut mens mamma søv.
Sandra gleder seg til denne dagen i barnehagen. For i dag skal barnehagen få høner.
Marco sin bestefar er styrmann ombord i ein kjempestor båt. Når Marco besøker bestefar ombord er han redd for å gå seg vill. Det er fort å gløyme seg, for båten er full av spennande ting.
Ronja har verdas beste venn, som heiter Ellisiv. Men i morgon skal Ronja flytte til ein plass langt vekk frå bestevennen.
Viktoria sin pappa er bakar. Midt på natta får Viktoria vere med pappa på bakeriet. Dei listar seg ut, for mamma må ikkje vite kva dei skal. Viktoria vil overraske mamma med sjølvbaka bollar til frukost.
Laura og storesøster Julie søv i same seng. Men snart skal dei få kvar sine rom.
Hanna går på ballett. Der øvar dei på ein vanskeleg dans, som heiter Svanesjøen. Snart skal dei vise fram dansen på ei stor framsyning med mange folk som skal sjå.
Henriette er ute og akar med dokka si. Mamma er på jobb, ho køyrer sjukebil. Dokka krasjar i gjerdet og mister armen. Henriette skundar seg for å ringe til mamma. Ho håpar mamma har tid til å hjelpe.
Det er nyttårsafta. Systrene Andrea og Kristina skal kle seg ut og gå nyttårsbukk. Ilag med vennene sine, går dei frå hus til hus for å få masse godteri.
Tone er aspirant i musikkorps. Visst ho klarar å lære seg alt, skal ho få spele i toget 17. mai. Det er litt vanskeleg, for Tone er redd for å misse noteheftet eller å snuble.
FlickList VIP
Recommended for you